Fire nye artistar klare for Malakoff 23

Dagny

Popdronninga DAGNY, dei amerikanske punkrockarane DRUG CHURCH, countryrock-legendene HELLBILLIES og skandirock-favorittane THE GOOD THE BAD AND THE ZUGLY tek turen til Nordfjordeid og Malakoff 23.

I dagens slepp avslører Malakoff kven som skal ta over stafettpinnen etter Sondre Justad som avslutta laurdagen i 2022 framfor 10.000 ekstatiske publikummerar. I år er det Tromsøjenta Dagny som er siste artist på hovudscena, og det har arrangøren ståltru på blir ein megasuksess.

– Med dagens slepp er vi halvegs i artistprogrammet og vi ser konturane av eit Malakoff-program slik vi ynskjer at det skal vere – ei allsidig blanding av det nye og spennande med det etablerte og folkekjære, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Popstjerna Dagny lagar fengslande poplåtar og har ein naturleg stjernekarisma som vi diggar! I 2017 spelte Dagny som ung lovande artist på amfiscena. I 2023 kjem ho tilbake til Malakoff med ny musikk og gjere sin største konsert i Sogn og Fjordane!

Det amerikanske rockebandet Drug Church frå Albany, New York, serverer grønsja punkrock med briljante tekstar og suveren energi. Albumet Hygiene er eit av dei sterkaste punkrock albuma i 2022.

Det legendariske countrybandet Hellbillies har over 30 år på vegen og ein enormt fin låtkatalog som alle generasjonar har eit sterkt forhold til. På Malakoff 23 vil dei og vise at dei er eit av dei aller tøffaste rockebanda i landet!

Det norske punkrockbandet The Good The Bad and The Zugly er ute av pandemidvalen og skal på signingsferd som landets rockeprinsar! I turnesekken har dei eit fabelaktig nytt album og tonnevis med eksplosiv skandirock!

Malakoff held til på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane og er sommarens musikalske høgdepunkt for tusenvis av publikummarar kvart år.

Lineup så langt
Denzel Curry / The HU / Dagny / Undergrunn / Hellbillies
Drug Church The Good The Bad and The Zugly / Combos
Konvent / Joe Unknown / TSOYL – 20 år med Malakoff
Fleire artistar blir offentlegjort dei neste vekene

Del: