WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Weezer

Eit av verdas største rockeband til Malakoff19! Bandet som sidan debuten i 1994 har vore eit av rockebanda med mest innverknad. Med monsterhits og millionar av fans har Weezer vore med på å definere rocken gjennom fleire tiår. Det legendariske bandet gjer eit etterlengta besøk i Noreg med kun to konsertar sommaren 2019; ein av desse på Malakoff!!

 

Frå Los Angeles, California dukka Weezer opp som eit av dei mest populære banda i kjølvatnet av grungen og den alternative rocken sine etterdønningar. Weezer fekk tildelt stor heider for sin ukonvensjonelle og ekstremt gripande poprock og fengande hits.

 

Med ein imponerande katalog og heile elleve album seinare fortset Weezer i stø kurs med sitt særeigne distinkte uttrykk, lausrive frå popkulturelle trendar. Intelligente tekstar, ein god porsjon humor og engasjerande videoar har gjeve Weezer ein heilt spesiell plass i rockehistorien. Ein plass som regelmessig vert hylla frå musikkmedia. Rolling Stone har omtala dei som «One of rock’s strangest treasures», og Miami New Times seier «They showed the kids how a proper rock 'n' roll show is done.». Det britiske magasinet NME forsikrar fansen om at; «Weezer is more potent and dangerous than ever». 

 

 

FOR DEG SOM: Alltid  har  drøymt  om  å  stå  på  Weezer-konsert  midt  mellom  fjord  og  fjell.  Ufatteleg  rått!

DU KAN FORVENTE DEG: Den  supersjarmerande  (og  litt  rare/nerdete)  fuzzrocklyden  av  nittitalet,  i  både  original  og  moderne  drakt. 
HITS: Buddy  Holly,  Say  It  Ain’t  So,  Hash  Pipe,  Island  In  The  Sun.