WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Wardruna

Norrøn folkemusikk - Vikingane kjem!

Vikingane invaderer Malakoff17! For lenge sidan herja vikingane på Nordfjordeid, og no kjem dei på nytt besøk. I år har vi booka bandet som har gjort norrøn kulturarv kjend for heile verda; Wardruna gjer ein eksklusiv avslutningskonsert i Amfiet på fredagen under Malkoff17!

 

Wardruna vart starta i 2002 av Einar Selvik (tidlegare trommis i Gorgoroth). I 2009 kom fyrste plata i  Runaljod-trilogien, og sidan då har dei sakte men sikkert etablert seg nasjonalt og internasjonalt som ein viktig formidlar av norsk og norrøn kulturarv. Wardruna har med sine musikalske tolkingar av gamle nordiske tradisjonar skapt seg ein stor tilhengarskare både her heime og i utlandet. Ved hjelp av Nordens eldste instrument, lydar frå naturen og songar forfatta på norsk, norrønt og urnordisk vev Wardruna eit storslått, visuelt lydbilde som tek deg med inn gamal norrøn kultur og visdom på ein heilt ny måte.

 

Bandet har spelt mange utselde show nedover i Europa og spelte nyleg to utselde konsertar på Sentrum Scene i Oslo i januar. I løpet av dei siste tre åra har Wardruna nådd eit stort publikum gjennom History Channel sin populære TV-serie ”Vikings”. Serien nyttar mykje av Wardruna sin musikk og Einar er i tillegg medkomponist av serien sin originale filmmusikk. Ved to høve har Einar til og med dukka opp på skjermen i ei gjesterolle som viking i Rollo og Ragnar Lodbrok si verd.

 

Gjer deg klar til ei særs spesiell og sjelsettande musikkoppleving som tek deg lokalt tilbake til år 870.  Her får du presentert majestetisk og magisk norrøn musikkhistorie i ei lita vestlandsbygd med solid historisk vikingætt. Det vert suggerande trommer, sakral fleirstemt song, vestlandsk sommarnatt, levande lys, vikingar på tokt og eit trollbunde malakoffpublikum! Wardruna er eit tidlaust og sjangerlaust musikkprosjekt som ikkje kan beskrivast – men rett og slett må opplevast.

 

Vikingane kjem atter ein gong til Nordfjordeid og du er hermed invitert!