WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Tiebreaker

Bluesrock

Av og til kjem ein over band som minnar ein på kvifor ein først forelska seg i rock’n’roll. Nokon som briljerer i produksjonen og serverer reinspikka, spennande rock av prima kvalitet. Tiebreaker er nettopp eit slikt band og dei gjer det berre så herleg riktig!

 

Storslåtte rockharmoniar i kombinasjon med ein utforskande gitar og ei rockestemme på høgoktan, driv Tiebreaker opp på internasjonalt toppnivå. Høgt der oppe vert dei verande, og er ikkje verre enn at dei har fått tilnamnet ”Noregs beste nye rockeband”. Det er vanskeleg å ikkje tenke på Rival Sons når ein høyrer den hardtslåande, grove gitaren gaule om kapp med den skarpe og presise vokalisten. Og det seier litt om kvaliteten bandet leverer. For basert på lydbiletet og låtproduksjonen skulle ein tru at Tiebreaker var eit band frå djupaste bluesrockbygda i USA. Det heile høyrest så utruleg oppriktig og ekte ut, som at dei har reindyrka dette i fleire tiår. Ekstra artig er det då at gruppa består av ein gjeng unge karar frå Odda og fjordane i Hardanger!

 

Tiebreaker har hatt det travelt sidan starten, og jobba seg til toppstatus som liveband. Med hundrevis av konsertar sidan 2013 har bandet blitt særs skarpe både på scene og plate. Albumdebuten deira, ”We Come From The Mountains” kom ut i 2014 og gav bandet svært gode kritikkar. Deira nyaste album ”Death Tunes” frå 2016 held like høg kok og foredlar den klassiske rock’n’roll’en dei er blitt kjende for, og sprutar av energi frå tidleg garasjerock. Sånt likar vi!

 

 

Med si skamlause oppskrift av eksplosiv, groovy rock’n’roll iblanda både blues- og progrock, syner Tiebreaker stadig at det er håp for den norske rockeframtida. Noko dei òg gjorde klinkande klart for publikum på Malakoff i 2016. Vi er ekstremt klare for gjensyn i sommar!