WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

The School

 

Å skulle beskrive dei poppa pønk-heltane The School er ikkje berre-berre. Bandet som berre plutseleg eksploderte på beste tenkelege måte, utan at nokon skjønte bæret, og som i 2010 etterlot seg eit ljomande vakum. Vi gjev herved ordet til sjølvaste gitarist og vokalist Stig Aarskog, lenar oss bakover og kikar forventningsfullt mot sommaren. Er det rart vi gler oss?

 

Sommaren 2005

”Shit, ej kjenne ej begynne å bli trøtt”. Den langhåra lydteknikar-sunnmøringen gjespar. Klokka er 0430. Den einaste måten vi fekk råd til å mikse EP-en var om vi godtok studiotid midt på natta. Vi sit  i eit mystiske death metal studio plassert i ein Tyskar-bunkers på Svartlamoen.

”Vi må bounce alle tracka. Tar cirka en halvtime så det e berre å ta seg ein røyk før vi fortsette.” Vi sat i sju ineffektive netter og lurte på kva ”bounce tracka” betydde.

 

Vinteren 2006

”Å så datt ho på rævva!!!” flirar gitaristen mens han balanserar 5 øl på veg til bordet vårt. Vi gøymer oss på legendariske Rorbua pøb i Tromsø og Skoglund-parodien slår an. Ut vindauget  ser vi bransjefolk frå heile musikk-Norge rusle fram og tilbake. Vi er på Bylarm. Det er 3 timar til vi skal spele på Blårock for heile Oslo-mafiaen. Vi er tøffe i kjeften, men slurkane er store og vippefoten går i eitt. Vi har kun spelt 10-15 gongar live før. Blir det her bra?

På nachspielet etter konserten blir vi booka til både Quart- og Øya-festivalen og får platekontrakt. ”Ka skjedde egentlig?” mumlar bassisten i taxien på veg heim.

 

Sommaren 2006

”I like The Strokes, Franz Ferdinand, and Queens of the stone age” seier eg til plateprodusenten; den velrenommerte London-hunden John Fryer med fleire legendariske plater på cv-en. ”I hate those bands” svarer han tørt. Den norske sommarkulda er ikkje noko han set pris på. Vi er på veg for å sjå VM i fotball på den lokale pøbben. England taper og humøret til produsenten blir 10 hakk dårlegare. Eg såg mørkt på dei neste dagane. Ville vi rekke å spele inn debutalbumet på ei veke? Ville vi få soundet rett? Ville engelskmannen drepe oss?

 

Seinsommar 2006

Eg er forbanna. Ingen er i lobbyen. Det er 30 min til vi skal vere klar på Øya-festivalen. Sjølv om klokka kun er 1300 er festivalen stappfullfull sidan det er strålande sol og Knutsen og Ludvigsen på hovudscena. Bandet som spelar samtidig med oss på andre sida av festivalområdet er eit introvert støy-pønk-band med finlandshetter. ”Alle kommmer til å rømme til The School!” spår band-kontakten.

Med digre solbriller kjøpt på ESSO ser vi utover det som visstnok  er publikumsrekord på vår mellomstore scene. Med lett arroganse og breiale meldingar sparkar vi i gang settet. Puppy bak trommene er gjennomsveitt før første refreng og vi står så breidbeinte at kneskålene dirrar. Lyden er perfekt og publikum hyler av begeistring. Tida går altfor fort. Brått er det over. Vi set oss backstage og pustar ut. Ein time seinare kjem bandkontakten bort til oss med ein PC. Han slår opp på VG nett:

”De har blues i blodet, de har punk i hodet, de er så arrogant effektive at man blir stående og måpe over deres begavelse.” Terningkast 6.

 

”Ka faen skjedde?”spør bassisten.

 

Vår 2007
”Høy du må bremse!! Det her e jo trikkeskinnene. Du e på vei inn i en trikketunnell!!” Toyota Hiace’en ryggar i 60 km/timen mens folk på trikkehaldeplassane ser rart på oss. The School er på Tysklandsturne og har dårleg tid. Vi trudde det var 2,5 timar frå Berlin til Frankfurt. Men det viste seg å vere 6,5 timar. GPSen viser at vi kjem ein halvtime seinare enn konsertstart. Vi skranglar oss av garde på autobahn med flat pedal. Det første som skjer ved ankomst er at vi låser inn bilnøklane og det lokale crewet må dirke opp låsen. Etter rekordraske 16 minutt med instrumentbæring og lydsjekk er vi klar. Eit forventningsfullt publikum tar heilt av denne kvelden. Anmeldelsen i Tyskland sitt største musikkmagasin ”Visions” gav oss  9 av 10 stjerner for debutplata ”Espionage” og det har gjort folk nysgjerrige. Sjefen for plassen heiter Lee Harry Oswald og er i ekstase. ”All drinkz are free” gliser han.

 

Påske 2008

Vi er i utkanten av New York ei vinternatt. Det er iskaldt ute og vi går manngard saman med sju politibilar. Vi manglar eit bandmedlem. Sjefen for det legendariske platestudioet ”Carriage House” er bleik som eit laken. ”This has never happened before” mumlar han mens han kikar under presenningen til eit badebasseng. Ingen der heldigvis. Det har gått tre iskalde timar. No høyrer vi nokon rope i nærheten av studioet. Det er naboen som står der med ein forvirra keyboardist. Viste seg at han hadde gått rett frå taxien inn i feil hus og lagt seg på sofaen. ”Lucky I didn’t shoot him”. Politiet ristar på hovudet og kjører derifrå. ”Ka faen skjedde!?” ropar bassisten.

 

Vinter 2010

Avskjedskonsert på Blæst i Trondheim. 250 konsertar og tusen mil i Hiace har slitt ut gjengen. På tide å sjekke ut kva den gullrekka på fredag er for noko.

 

Haust 2016

Byscenen i Trondheim er fullstappa. The School spelar reunion etter 6 års pause og drar det største publikum nokon gong i sin heimby. ”One night only” står det oppskriftsmessig på plakaten. Men publikum er i ekstase og vil ha meir. Etter 3 ekstranummer hyler dei fortsatt. Katalogen er tom. For å stilne publikum lovar vi å spele fleire konsertar. Kanskje også lage ei ny plate?

 

Dei som møter opp på Malakoff Rockfestival får sjølv bedømme om musikkbransjen har behov for fengande rett-i-trynet-rock anno 2017. Ein ting er sikkert. Rockfestivalar treng rock; ikkje panfløyte. Snakkast i amfiet!