WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Spidergawd

Rock - Herleg hårete og rufsete

Bluesrock-lokomotivet Spidergawd kjem peisande inn i øyra dine rett frå 70-talet. Det buldrar av groovy, klassisk rock og blues, med innslag av både progga riff og jazza blåsarar med eit enormt energinivå. Med seg i vogna har dei alle dei største rockheltane, med Lynyrd Skynyrd og Hendrix som fremste passasjerar i første klasse. 

 

Dei har produsert tre enormt sterke album, og kjem med sitt fjerde i februar. Men sjølv om bandet er herleg på plate, er det i liveformatet dei briljerer aller mest. Bandet osar av kvalitet og sjangerleik, men er samstundes herleg hårete og rufsete. Dette er musikk som får pulsen til å stige og foten til å trampe taktfast.

 

Vi kan forvente oss råtøffe gitarriff, gåsehudframkallande saksofon og vokalprestasjonar som kjennest i ryggmargen. Spidergawd er tight, eksperimentell og potent rock’n’roll som treff alle dei rette strengane.