WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Sondre Justad

Pop

Lofot-wonderboy Sondre Justad er ein kar som verkeleg kan kunsten å setje publikum i kok. Ein energisk og ektefølt artist som har teke landet med storm er no klar for å imponere Malakoffarane!

 

Sondre Justad har på kort tid blitt ein av Noregs mest ettertrakta og populære artistar. Med ei upåklageleg  ekte og energisk innleving har Sondre blitt popfenomenet alle snakkar om. Dei siste åra har låtskrivaren frå Lofoten blitt observert frå mang ein scenekant, og det har gått slag i slag sidan sommaren 2014. Debutsingelen «Nu har du mæ» satte då verkeleg fart på sakene, og popstjerna har krydra musikklandskapet med utselde konsertar omtrent overalt. Debutalbumet «Riv i Hjertet» låg heile 13 veker på albumlista, med heftig rotasjon på både P1 og P3 sine spelelister. Populære låtar som "Riv I Hjertet", "Klar Ikke Pust", "Det E Over", «Tilbake", "Tett Inntil Mæ» og "Lovte Dæ" har gjeve artisten eit milliontal av streams og hyppig radiotid, men det er på konsert at Sondre Justad verkeleg kjem til sin rett. Han tek pusten frå publikum ved første åndedrag, og lagar pop slik pop skal lagast!

 

Med Sondre Justad på scena får du ei oppleving som verkeleg innfrir. Dette er rått, ekte og medrivande, og løftar norsk pop opp på eit nytt nivå. Det er slettes ikkje rart at han betyr så mykje for så mange.

 

 

Sjå fram til eit høgdepunkt av dei få når Sondre Justad kjem til Malakoff17!