WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

SOFIA

Sjå opp for SOFIA! Syttenåringen frå Sandane har bemerka seg med sin klare og særeigne vokal, og er trass ung alder på full fart opp og ut i verda. Det er vanskeleg å ikkje la seg imponere av Sofia Hyttedalen, og vi gler oss stort til å få oppleve henne på Malakoff! She’s going places!

FOR DEG SOM: Set pris på ekstremt talentfull ungdom. Sjansen er stor for at du dagleg har høyrt den herlege stemma på Coucheron-låta «Loud» på P3.

DU KAN FORVENTE DEG: Frysningar og total beundring! SOFIA leverer kraftfull vokal og eigenprodusert musikk av ypperste internasjonale klasse.
HITS: Loud, My Friend, Meadow in the Sun