WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Sigrid

Skamlaust rå, uanstrengt og makelaus — ein popkomet av verdsklasse inntreff Malakoff! Heidundrande hyllest i ein samla verdsbransje, oppimot 400 millionar globale streams, kåring til BBC Music’s Sound of 2018 og utselde konsertar verda over; SIGRID har for alvor planta den internasjonale popfoten sin i musikkverda. Og dette er berre starten. Framtida bringer Royal Variety-show i London, ny musikk og store konsertar i inn- og utland. Det er med andre ord stor stas å endeleg ynskje SIGRID velkomen til Malakoff!

FOR DEG SOM: Frydar deg over den magiske live-energien som oppstår når alt berre klaffar. Her er det berre å byrje gle seg..

DU KAN FORVENTE DEG: Ein musikalsk maktdemonstrasjon frå eit enormt naturtalent. 
HITS: Strangers, Don’t Kill My Vibe, Plot Twist, Sucker Punch