dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

MGPjr-vinnarane Vilde og Anna

Vise/pop

Det var ikkje reint få TV-apparat som ein laurdagskveld i november lyste opp stova i den norske heimen. To jenter frå ei lita vestlandsbygd glitra frå scenekanten i Oslo Spektrum, og med songen «Vestlandet» gjekk Vilde Hjelle (13 år) og Anna Naustdal (12 år) frå Nordfjordeid heilt til topps og stod som stolte vinnarar i MGPjunior 2016. Heilt fantastisk!

 

Det var rett og slett enormt for ei lita bygd å få oppleve, og truleg minst like stort for Eidajentene. Men dette vart berre byrjinga, då jentene sidan sigeren i november har vore land og strand på MGPjr sin juleturné i desember, og sunge på NRK sitt mest sette program "Kvelden før kvelden" og vore med på bornas eige «Julemorgen". Dei har rett og slett fått smake på livet som ekte superstjerner!

 

Vestlandssongen har til no millionvis av streams og har fått reise langt utover fylkesgrensene og inn i øyra til det norske folk. Og i sommar skal vinnarlåta, andre kjende MGPjr-låtar og nytt eigenprodusert låtmateriell "heimatte" til Eid. Den gode energien og det familievenlege låtmateriellet skal tilbake over fjellet, gjennom ein tunnell eller to, eit par bruer og opp på Malakoffscena.

 

 

Vi spår herleg allsangfaktor og ei oppleving av dei sjeldne for både store og små. Og til denne litt spesielle konserten har Vilde og Anna med seg dei lokale flinke ungdomane i Indigo Child som backingband, så her kan vi med andre ord forvente noko heilt spesielt!