WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

LÜT

Rock

Energisk liveframføring med eit megatight og hardtslåande lydbilete? Check! Raske, grandiose gitarar som hausar opp fengande låtar? Hell yes. Herleg rett-i-trynet-attitude på scena frå første sekund? Det kan du banne på!

 

Lüt har heile pakka, og stussar ikkje med å flekse dei nordnorske punkmusklane sine på scena. Dei vart finalistar i årets urørtfinale, og leverte litt av eit show. Det vil sei, dei leverte eit heilt enormt bra show, og hamna dermed rett i rockehjarta våre. Det unge rockebandet har klare røter til melodisk hardcore/punk og klarar på finurleg vis med skrikevokal og gjengkor å få gåsehuda til å krølle seg oppover armane. Om ein skal samanlikne, kan det heile minne om eit tidleg Kvelertak - og det er slettes ikkje dumt.

 

 

Rockebandet frå Tromsø har på kort tid etablert seg som eit av Noregs mest spennande band og er verkeleg eit band å følgje med på framover. Dei har til no sluppe tre særs fengande singlar og jobbar i skrivande stund med debutplata som kjem om kort tid. Vi gler oss. Men først skal dei skrike oss i trynet på Malakoff17. Og vi skal skrike med!