WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Kjartan Lauritzen

Rap - Legaliser god stemning!

Kjartan Lauritzen er eit namn som for alvor har hamna på radaren til det norske folk. Det joviale og småartige artistnamnet tilhøyrer ein hyper gledesspredar av ein sogning, som allereie har fått eit særs godt rykte som entertainer, låtskrivar og musikalsk villbass.

 

Med ei rekkje bombastiske singlar («Havanna» med over 1 mill. streams!) og ein nyleg lovprisa radiohit, «Fredag», har han funne vegen til større og større scener. Bak seg har han mellom anna ein publikumselska Slottsfjell-konsert, samt ein fullstappa konsert på Parkteatret i Oslo, for å nemne nokre. Kjartan Lauritzen stod på Sentrumscena i fjor som vinnar av årets sommarluttpris, og skal i 2017 få slå seg laus på sjølvaste Malakoffområdet. Vi, og mange andre, trur dette er berre starten på eit aldri så lite episk eventyr. 

 

Kjartan på scena er synonymt med galskap og god stemning. Kreative beats og knasande sprø tekstar er saman med ein vill sprutenergi blitt sjølve kjennemerket til unge herr Lauritzen. Førebu deg på gåsehud og grandiose (men lite grasiøse) stagedives.


Legaliser god stemning!