dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Karpe Diem

Rap - Heisann Malakoff!

Ein sleten Toyota Corolla pushar femti over Strynefjellet. I den raude kvalitetskjerra som nektar å ta kvelden sit det ein ung og energisk duo frå betongjungelen. Dei har høyrt ropet. Ein gong til! Ein gong til! Lyden av trampeklapp frå 2014 aukar i takt med eit kvinande turtal, og hitfabrikken frå Oslo siktar seg inn på #denbestefestivalopplevinga. Karpe Diem kjem attende til Nordfjordeid og skal atter ein gong lage folkefest. Heisann Malakoff!

 

Karpe Diem sitt musikalske univers kan i korte trekk summerast opp som superenergisk, smittsam og smart musikk. Med sine treffande tekstar som er dynka i både humor og alvor på same tid, produserer bandet hit etter hit. Eit kjenneteikn for samtlege er at dei vågar å utfordre og leike seg med samfunnsforhold, kulturskiljer og det u(r)norske. Dei har skapt enormt engasjement, hausta lovord og nominasjonar, og har sikra bandet ei rekkje prisar på peishylla. Seinast i år hamna to P3 Gull-prisar som dei blankaste i rekkja.

 

Karpe Diem er utan tvil Noregs råaste og største liveband. Etter heile tre ut selde Oslo Spektrum kan vi lett seie at det er storslagent besøk vi får i juli. Dei headlinar kun få utvalde festivalar i sommar, og til stor glede er Malakoff éin av dei. Stjerner i auga våre!