WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Janove

Poprock - Janove e tebage!

Han er ein av dei mest markante frontfigurane i nordisk samanheng, og etter ei lang og framgangsrik ferd som Kaizers-kaptein står jærbuen Janove framfor eit nytt kapittel. Med ny musikk på norsk og nye historier frå eit ferskt, men allereie spennande musikalsk univers. Dette lovar bra. Særs bra.


Orkesteret er ikkje med lenger, og sjølv om Janove med sin sterke karisma og stemme enkelt kunne bore musikken sin med strak arm, står han i godt selskap på scena. Til sitt nye prosjekt har han fått med seg ein stjernespekka kvartett, plukka frå øvste hylle. Her har vi Børge Fjordheim på trommer (Morten Abel, Cloroform, Sivert Høyem), Mattias Hellberg på gitar (Håkan Helstrøm, Soundtrack Of Our Lives), Micke Lohse på piano og orgel (Atomic Swing, Stefan Sundstrøm) og Gulleiv Wee på bass (The September When). For eit band!


Janove har gong på gong vist at han er ein massiv musikar som lagar stor musikk og enda større konsertopplevingar. Vi kan forvente oss fengande og groovy poprock, med tricks frå moderne rap, r’n’b og hip hop. Samtundes er det drivande rockerytmer, med stor variasjon i låtane. Med hittil berre få utgjevingar er vi allereie totalt overbevist, og med ny musikk i vente kan det berre gå éin veg. Janove klypper snora på Festivalscena på fredagen, og lista vert herved lagt skyhøgt.


Janove e tebage!