WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Indigo Child

Pop

Indigo Child er ei talentfull popgruppe beståande av lokale ungdomar frå Nordfjordeid, som skriv og komponerar sine heilt eigne låtar. Bandet nærmast svevar på ei sky av kvalitet, trass si relativt unge levetid. På scena manar dei fram trollbindande musikk der presise og majestetiske vokalprestasjonar krydrar eit vakkert og elektronisk bakteppe. Bandet tek inspirasjon frå artistar som t.d. Highasakite og Susanne Sundfør. Og det kan frydeleg merkast.

 

Med harmoniar som gjev frysningar langt oppetter ryggen har Indigo Child gjort seg bemerka på både UKM Landsmønstringa og med ei strålandes livespeling på direktesendt fjernsyn under MGPjr finalen 2016. Vi, og mange andre, spår ei lysande karriere for Indigo Child. Dette er ein gjeng med eit stort musikalsk potensiale, og dei gler seg veldig til å både spele eigne fantastiske låtar og stå som band ilag med Vilde og Anna på scena.

 

Dette vert spesielt og vakkert!