WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Frank Carter & The Rattlesnakes UK

Hardcore/Punkrock - #moshpitgaranti

Frank Carter & The Rattlesnakes er ei overdose med rein energi, aggressivitet, musikalitet og kvalitetspunkrock med den tidlegare Gallows- og Pure Love-forsangeren i front.

Etter ein liten periode vekke frå det største rampelyset er Carter tilbake, sterkare enn nokon sinne, med sin personlege musikalske vendetta. Bandet er superaktuelle med det nye albumet Modern Ruin, som framkallar euforiske rockekjensler i Malakoffleiren. Vi meiner faktisk at Frank Carter og Co leverer den beste punkrocken frå øyriket akkurat no! 


Gjer deg klar til ei intens live-oppleving med eit steinbra band og ein energisk vokalist som spelar kvar konsert som om det var deira siste.