dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Elida Høgalmen

Elida gir deg musikk som er både melankolsk og vár, og blandar element frå ulike stilartar. Dissonerande vokalloops, arabiske skalaer og særeigen vokal er stikkord. Målet hennar er å formidle alle nyansar av melankolien, frå det såre og lågmælte, til det store og intense. Elida har dei siste fem åra produsert store mengder musikk på soverommet. Men etter at ho i fjor endeleg gjorde sin første konsert i Bergen har det blitt mange scener både i Bergen og Oslo - blant anna på Eggstockfestivalen, Vill Vill Vest, 100 Dagar og Off:Larm. Ho har signert med plateselskap og gjeve ut to singlar.