WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Dubioza kolektiv BH

Rock, reggae, ska, hiphop, punk - Årets nye, store Malakoffsnakkis?

Ta godt i mot Dubioza Kolektiv frå Bosnia-Hercegovina!

 

Hoffmaestro laga vilter stemning i 2015 og i fjor blåste Gogol Bordello folk nærmast over ende. Mange vil seie at desse var to av dei mest minnerike konsertane som nokon gong har vore på Malakoff, men likevel er det noko med villbassane i Dubioza Kolektiv som er heilt spesielt. Rock, reggae, ska, hiphop og punk utgjer her ei herleg musikalsk smørje frå ein gjeng gulkledde og breiale balkanpiratar. Dubioza Kolektiv er eit heilt unikt band som ikkje liknar noko anna som har vore på festivalen tidlegare, og vi frydar oss ved tanken på kva som er i vente. Denne sommaren ynskjer vi velkomen til ein real gipsyfest, og etter årets festival har vi ei solid magekjensle på at dette bandet verkeleg vert årets nye, store Malakoffsnakkis.

 

Vi lovar ei heseblesande, fuktig og fantastisk liveoppleving utan sidestykke. Dra opp strømpene og bli med på folkefesten, dette har du garantert ikkje opplevd før!

 

 

Ja, forresten: Saksofon!