WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Death By Unga Bunga

Surferock - Surf’s up, dudes!

Verda! Hels på Death By Unga Bunga. Eit av verdas artigaste band, beståande av fem fyrar frå Noreg sin garasjerock-hovudstad, Moss. Med sine smittsame låtar, røffe riff og matchande breial vokal, utgjer DBUB gladrock på sitt aller beste!

 

Sidan garasjeporten vart opna i 2007 har Death by Unga Bunga spreitt sin energiske miks av garage, psykedelia og powerpop til eit stadig større publikum over heile den vestlege verda. Som ei ildkule har dei rastlaust besøkt by etter by, stad etter stad, men ingen fangar tekne undervegs. Å oppleve bandet live er noko ein aldri gløymer, ei oppleving som best beskrivast som å sørfe langhåra på ein rock n’ roll-tornado.

 

2016 var DBUBs mest produktive år til no. Dei gav ut sitt fjerde album, «Pineapple Pizza», i mars, og 9. september slapp dei ein nyutgjeving av sitt debutalbum, «Juvenile Jungle», samtidig som at dei slapp splitter nye låtar på EP-en «Fight!». Tre utgjevingar på eit år skulle nesten tilseie at bandet kan gje seg nokre velfortente klapp på skulderen, men Mossegjengen har sjølvsagt ingen planar om settje ned tempoet med det fyrste.

 

Bandet har hinta heftig om ny musikk i 2017 òg, men no er det fyrst og fremst live-speling som står på agendaen. Dei har allereie rokke å vere på ein liten Noregsturné med label-kompisane i Kråkesølv, og dei er i skrivande stund ute på ein månads lang headliner-turné i USA, der dei skal reise kyst til kyst stappa inn i ein kompakt varebil. Og neste stopp på verdskartet; Malakoff!

 

 

Ikkje gå glipp av eit av Noregs absolutt beste liveband når dei no kjem til Nordfjordeid. Vi snakkar eit steintøft og morsomt liveband som utan tvil vil lokke fram rockefoten hjå Malakoffarane.

Surf’s up, dudes!