dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Daniel Norgren SE

Folk/Blues/ Singer/songwriter

Velkomen til ein eksklusiv sommarkonsert med ein av verdas mest unike artistar! Stikkord for dagen: Vakkert, herleg og heftig. Vi kan allereie kjenne smaken av sommar og lukta av gras, med lyden av Daniel Norgren som festivallydspor i bakgrunnen.

 

Daniel Norgren er ein av dei skjeldne. Ein langhåra og karismatisk svenske med trailercaps, som produserer magisk og heilt spesiell musikk. Han er fødd og oppvaksen i den tjukke skogen i Borås i Sverige, men skulle etter alt å døme kome rakt frå sumpen i Louisiana. Musikken hans er beint fram fantastisk, og har hausta internasjonale lovord og strålande kritikkar verda over. Den har tydelege røter i folk- og bluessjangeren frå USA, og dei siste åra har Daniel Norgren laga vakker melankolsk musikk i god amerikansk singer/songwriter-tradisjon. Som artist er han glad i både det nye og gamle, og er kjend for å spele inn verka sine på den gode gamle kassetten. Dette tilfører noko ubeskriveleg og ekte til musikken hans, og han nyttar ofte heimesnekra instrument som han gjerne spelar på samtidig. Sa vi spesielt?

 

 

Daniel Norgren spelar utselde konsertar rundt om i heile Europa, og det er ei stor ære å få besøk av unikumet Norgren i sommar. Du er med dette invitert til ei personleg og heilt eineståande musikalsk reise du seint vil gløyme.