dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Dagny

Pop - Buldrande og deilig pop med rock i ryggrada.

Buldrande og deilig pop med rock i ryggrada, i form av eit heilt unikt låtmateriale som vert løfta fram på skuldrane til ein imponerande stødig og voldsomt dyktig liveartist. Velkomen, Dagny!

 

Singlane Foals Gold og Backbeat gjorde at Dagny for alvor hamna på radaren i internasjonal samanheng, og ho har sidan kome med fleire herlege hits i albumet Ultraviolet. Men det er i liveformatet denne stjerna verkeleg skin, og vi i Malakoff har latt oss imponere på fleire konsertar. Dagny dansar seg rundt i eit smittsamt poplandskap som er krydra med ein rocka sound som alle kan like.

 

 

Tromsøværingen har med sine to hardtslåande singlar sanneleg bevist at ho har sin plass i musikkverda. Ho er godt planta i kikerten over framstormande artistar i musikkmiljøet, med høg plassering i særs mange one-to-watch-kåringar. Dagny er utan tvil ei komande superstjerne og vi gler oss stort over å få vise fram denne fenomenale liveartisten i sommar!