WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Carnival Kids

Hardcore Rock - Ambisiøse rock-yndlingar

Ambisiøse rock-yndlingar med verda for deira føter. Carnival Kids veit å ta ‘an heilt ut på konsert, og det skal Malakoff saktens få merke! 

 

Så mykje berre stemmer med Carnival Kids. Prestasjonsmessig gnikkar dei skuldrar med dei største i sin sjanger, og det skrantar verken på engasjement, energi eller innleving. Frå scenekanten er det lett å trekke koplingar til hardhausane i Bring Me The Horizon, og det er ein sabla god assosiasjon å føle på. Det er stramt som F, tøffare enn toget og herleg poserande. Musikalsk, like så, og deira nyaste EP er kanskje den tøffaste utgjevinga hittil. Hardcore rock, ispedd både prog og pop frå denne norsk-britiske samansetninga er rett og slett velsmakande øyresnop.  

 

Carnival Kids imponerte stort under årets by:Larm, Malakoffarar over land og strand kan verkeleg glede seg til å få ei heftig dose real hardcorerock rett i fleisen i sommar!