dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Biffy Clyro UK

Rock - Great Scott! Biffy Clyro returnerer!

Gigantane Biffy Clyro returnerer! Konserten deira på Malakoff i 2013 var eksepsjonell, og sidan den gong har bandet vakse seg både større og (om mogleg) enda betre. Under årets festival skal dei headline fredagen, og herlighet for ei oppleving vi har i vente!

 

Biffy Clyro er eit av dei absolutt tøffaste moderne rockebanda out there, og som så mange andre, vil vi påstå at dei kanskje til og med er verdas beste liveband. Høgt heng dei, men jaggu leverer dei òg. Vi gler oss heilt enormt til gjensyn med skottane som har servert publikum formidable liveopplevingar år etter år. Med sine nye og eldre hits er Biffy Clyro eit høgtflygande unikum som berre fortset å stige mot nye høgder. La oss nemne “Many of Horror”, “Re-arrange”, ”Bubbles”, ”Wolves Of Winter”, “God & Satan”, ”Mountains”, ”The Captain”, “Medicine”, “Black Chandelier”, ”Biblical” – og vår eigen favoritt “Accident Without Emergency”. Kjenner du det kriblar? Det er herved klart for eit realt ballespark av ein konsert på Malakoff.

 

Hjarteleg velkomen tilbake, dykk vakre, fabelaktige rockeskottar!