dagar igjen
WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Ane Brun

Singer / Songwriter

Moldejenta Ane Brun er utan tvil ein av landets mest respekterte og populære låtskrivarar. Ho fekk sitt gjennombrot i 2005 med albumet “A Temporary Dive” og som ein god vin vert denne gåsehudframkallande artisten berre betre og betre. Den siste plata hennar, “When I’m Free” som kom i 2015 avla strålande kritikkar, og Ane er ein sånn artist som berre osar av kvalitet i alle ledd. Ikkje rart ho er dobbel spellemannsvinnar som årets kvinnelege artist. Som internasjonal musikar har ho eit stadig veksande publikum over heile Europa og er ansvarleg for mange fruktbare samarbeid. Både nasjonalt, med til dømes Madrugada, og internasjonalt med artistar som Peter Gabriel.

 

Ho skriv melodiar med ein velplassert fot i det tradisjonelle singer/songwriter-land, og den andre ofte og kledeleg ruslande utanfor opptrakka stiar. Musikken hennar er som ein behageleg sval bris inn i øyregangane, med ei nydeleg og berykta sang- og forteljarstemme som gjer at ein lett drøymer seg vekk i songreisene hennar. Balsam for sjela! Det kriblar altså litt med tanke på ryktene om ny musikk på trappene.

 

Ane er beint fram ein fantastisk artist med eit like superb band bak seg, som saman skapar eineståande og magiske augeblikk på scena. Vi gler oss enormt til å få ta i mot denne vedunderlege dama til Malakoff17!