WOW, nettlesaren din er old school. Trykk her for å få ei meir rocka oppleving.X

Alan Walker

Elektronisk pop

 

Med grensesprengande verdshits og eit kolossalt show har publikum på Malakoff ei gigaoppleving i vente. Velkomen, Alan Walker!

 

Berre eit knapt år tilbake var DJen og produsenten frå Bergen ein ukjend kar for dei aller fleste, men i dag er ståda ganske så anleis. Med debutsingelen Faded skaut karriera fart mot den internasjonale stjernehimmelen og eit verdsfenomen vart til. Alan Walker er i dag ein heilt uverkeleg stor nettmagnet, og med enorme sjåar- og følgjartal på YouTube står Faded på øvste pall, med sine vanvittige 900 millionar (!) syningar. Til no har meir enn 9 millionar einingar av singelen blitt selt globalt, og låta har passert meir enn 1,3 milliardar avspelingar online. Jepp, milliardar. Og tala berre veks!

 

Her heime har den også blitt kjærleg omfamna, og vart i 2016 kåra som årets låt under Spellemann. Ein kan trygt seie at 2016 har vore eit eventyrleg år for den maskerte popmaskina, og Alan Walker har i løpet av året hevda seg på ei rekkje prisutdelingar, seinast i form av tildelingar på EBBA Awards, Cannes Lions, MTV European Music Awards og to nominasjonar til P3 Gull.

 

Alan Walker er ei stor stjerne som spelar over heile jordkula, og med hits som Faded, Sing Me to Sleep, Alone, og mange fleire, kan vi allereie kjenne høg temperatur i ei kokande publikumsmasse framfor hovudscena i sommar. Frysningar!

 

 

#denbestefestivalopplevinga