CampNatt 

Campnatt
Campnatt

Dans dans dans opp-på-campen!

20. – 22. juli kan du danse deg inn i Nordfjordnatta! Kvar konsertkveld blir avslutta med ein times deilig etterfest på campen før alle skal legge seg   LotionBoyz, Kickslip og Dj Vülva sørger for heftig dansestemning og tidenes klubbfeeling på Malakoffcampen 22!

Torsdag: Kickslip
Fredag: LotionBoyz
Laurdag: Dj Vülva

———————————

LotionBoyz
Etter fleire utsolgte gigs over heile landet har Lotionboyz etablert seg som eit av Norges mest omtalte DJ-crews. Dei har alltid med seg dei beste klubb-låtane frå tidlig 90-tall fram til i dag + fleire ferske tracks frå Nora Collective som ikke endå har sett dagens lys.

Kickslip
Makan til eksplosiv DJ-duo! Baard har bakgrunn frå metal, og den energien viser seg å passe råbra i house- og klubbmusikk. DJ Boge har i mange år vore ein av dei mest anerkjente vinyl-DJ’s. I lag har gutta blitt som eit band å reikne og under showa leverer dei hakeslepp, all-dans, ekstatisk klapp og hoi, fykande trommestikker, glovarm scratching og sjå heller ikke vekk i frå sveitte menn i bar overkropp!

Dj Vülva
Med sine frekke transitions og mashups gjev Ylva deg eit fyrverkeri av ein kveld fullspekka med deilig bass, dansbare rytmar og uforgløymelege øyeblikk. Ylva er å sjå på Oslo sine beste uteplassar og på sida av dette har ho og spelt på ein rekke festivaler og private events. Denne dama kan å lage god stemning og garanterer en euforisk klubbtime du seint vil gløyme

DEL: