Festivalcampen er kjempepopulær, og er ein av landets største. Den ligg like ved konsertområdet og få minutt frå Nordfjordeid sentrum. Her kan du bu i 3 bekymringslause festivaldagar, her er høgt energinivå og ei DJ-scene som avsluttar kvar kveld med deilig dansestemning inne på campen.
Ønskjer du å overnatte på campen kan du velje å kjøpe eit teltområde og ta med eige telt , eller du kan leige eit ferdig oppsett kartent eller lavvo.
Festivalcampen er open frå torsdag 20.juli kl. 13.00 til søndag 23.juli kl. 13.00.
Praktisk info og campreglar finn du under informasjon.