Billettar til Malakoff 2023

Malakoffcampen
Malakoffcampen

Vi gler oss til å samle verdens beste publikum til sommarens høgdepunkt og tre uimotståelege festivaldagar på Nordfjordeid 20.-22. juli 2023. Ordinært billettsal startar 11.11. kl 11.:11. Lurt å lese litt om dei ulike billettane før du handlar. Kjøpte billettar blir ikkje refundert.  På billettsida finn du ulike kategori-faner der du finn billettar, camp og parkering.

Billettkategoriar og typar:

Billettar

Du kan velje å kjøpe festivalpass for 3d, torsdag, fredag og lørdag eller du kan kjøpe for 2 dagar, fredag og lørdag. Er du student har vi eit begrensa tal festivalpass 3d. Er du mellom 12-17 år kan du velje om du vil kjøpe festivalpass for 3d el 2d.

Dagsbilletter blir ikkje lagt ut før vår 2023.

Camp

Festivalcampen er kjempepopulær, og er ein av landets største. Alle som vil ha tilgang til Malakoffcampen må kjøpe billetten som heiter Camptilgang. Du må også ha Festivalpass (3d el 2d) for å kunne få tilgang til campen. Altså både festivalpass-billett og camptilgang-billett for å komme inn på Malakoffcampen.

Skal du overnatte i eige telt, kjøper du eit område der du kan sette opp teltet dit. Ein billett er eit område på 3mx4m. Sjekk at telte du skal ha med ikkje er større.  Er teltet større, kjøper du fleire teltplassar. Du kan også leige ferdig oppsett telt enten lavvo eller kartent.  Her finn du meir informasjon og kart som viser dei ulike felt-plasseringane osv.

Parkering

Om du ønskjer å overnatte i bilen du reiser i så har vi tilbud om parkering ved Eid stadion, like ved E39, 3-5min gange fra frå konsertarenaen. Der finn du tilrettelagt parkeringsområde for bil, bobil .

Tilgang på toalett og garderobe/dusj  (ikkje straum) Les meir og sjå kart her

 

Billettar og produktfaner til campbillettar og parkeringsbillettar vil bli synlig å vår billettside fredag 11.11 kl 11:11

del: