Tenkjer ein tilbake på musikken på 2000-tallet, er det umogleg å unngå å nemne Band of Horses. Med store hits som «The Funeral», «Is There A Ghost» og «No One’s Gonna Love You», markerte dei seg solid på kartet som eit av 2000-talet mest innflytelsesrike og omtalte indieband. Dei blir ofte kreditert for å ha redefinert den skranglete indie-poprocken ved å blande friske element av americana og klassisk folk/rock.
Band of Horses sin musikk vart ei stemme for ein heil generasjon, og deira unike lyd har fortsatt å resonnere med fans over hele verda. Bandet har etablert seg som ein viktig aktør i indie-scena, og deira innflytelse er definitivt merkbar i notidas musikk.
I 2022 slapp Band of Horses sitt sjette studioalbum, Things Are Great, som hausta strålande kritikk med mellom anna 10/10 i Musikknyheter.no der bandet følgde opp med to utselte konsertar på Rockefeller i Oslo.
Dette blir fyrste gang Band of Horses spelar på Malakoff, og vi gler oss stort til å endeleg få oppleve dette fantastiske bandet headline i Malakoffparken i juli 2025!