4 nye artistar offentleggjort til Malakoff 23 denne veka!

Ylvis
Ylvis

Amerikansk rap, mongolsk strupesong, Ylvis-brødrene og lokale supestjerner til Malakoff 2023.

Festivalen som blir arrangert på Nordfjordeid 20.-22. juli, og som trekk tusenvis av glade festivalgjengarar til bygda kvart år har denne veka slept 4 spennande nye artistar til årets festivalplakat.

Denzel Curry
Den Amerikanske rapparen er eit av dei sterkaste og mest spennande namna i moderne internasjonal hiphop akkurat no. Denzel Curry kombinerer ein unik teknikk med viktige tekstar og sjangerbrytande låtar. Kjennemerke er total crowd-kontroll og rå liveshow!
Dette luktar moshpit heilt ned til sentrum av Nordfjordeid!

The HU
Endeleg! Den mongolske metalsensasjonen The Hu tek med seg si unike blanding av heavy metal, mongolsk strupesong og tradisjonelle mongolske folketonar til Malakoff 23. Det heilt spesielle bandet har tatt verda med storm dei siste åra, og vi kan forvente ei eksepsjonell musikkoppleving mellom fjord og fjell på Nordfjordeid!

TSOYL
20 år med Malakoff
Laurdag 22.juli skal 70 lokale unge superstjerner og eit rått band fortelje eit utdrag av Malakoff-historia gjennom musikken som har utgjort lydsporet til mange dei siste 20 åra, The Soundtrack Of Your Life! Vi i Malakoff er superstolte av dette prosjektet som verkeleg viser kva ungdom kan, vågar og vil! Rått! Get it on!

Ylvis
Etter ein haust der nye låtar fra Sogn er blitt partyslagere og gamle låtar har sendt dei til toppen av listene i Japan, er det ei glede å igjen presentere Ylvis på Malakoff-plakaten. Lørdag 22. juli inviterer brødrene til hitparade på Nordfjordeid.
Som i suksess-serien «Ylvis i Sogn» tek Vegard og Bård Ylvisåker med seg lisjebror Bjarte, samt eit rått lag av musikarar. Med nye låtar frå VGTV-serien og ei rekke virale hits på menyen, har Malakoff-publikumet mykje å sjå fram til når komikerane byr opp til fest. Vi lovar gjenhøyr med gamle slagerar som Stonehenge og Egeland, samt nyare hits som Skaol Skadle og Firkantfar. Og ingen bør bli overrasket om det står både lunka mat og rev på menyen.

Festivalen har dermed slept følgande artistar så langt
Denzel Curry (US), The HU (MN), Undergrunn, Combos, Konvent (DK), Joe Unknown (UK),
TSOYL – 20 år med Malakoff

Del: