Frivillige

Som frivillig er du sjølve hjartet i Malakoff! Hjarteleg velkomen på laget!  

Kontakt oss gjerne på frivillig@malakoff.no    
Følg oss på Facebook og Instagram

Her lagar eller sel du ettertrakta rockemat til svoltne festivalgjengarar. Ein mett malakoffar er ein nøgd malakoffar!

Vakttider fredag og laurdag: kl. 18.30–01.30

Har du ei vakt, får du gratis tilgang til konsertområdet den dagen du ikkje har vakt, pluss før vakta. 

Her tappar og sel du øl og andre barvarer til tørste festivalgjengarar. Bak bardisken er det høgt tempo og topp stemning! 18 års aldersgrense.

Vakttider:
Fredag kl. 17.30-01.00
Laurdag kl .17.30-01.00

Fredag kl. 14.30-18.15 OG laurdag kl 13.30-18.15 (må kunne jobbe begge dagar)desse vaktene er fuillteikna!

Har du vakt fredag eller laurdag kl. 17.30-01.00 får du tilgang til konsertområdet den dagen du ikkje har vakt.
Har du tidlegvaktene fredag og laurdag, får du tilgang til konsertområdet utanom vakttidene.

Her er oppgåva di å sjå til at folk trivast og at det er ro og orden slik at alle har det bra! 18 års aldersgrense.

Vakttider: 
Fredag: Skift1 kl. 14.15-20.30 Skift2 kl. 19.30-01.30
Laurdag: Skift1 kl. 13.15-20.30 Skift2 kl. 19.30-01.30

Har du ei vakt får du tilgang til konsertområdet utanom vakttida den dagen.
Har du to vakter ein dag får du tilgang til konsertområdet ein valfri dag.

Her hjelper du til med å rigge utstyr. For deg som likar tunge løft og laang dag. 

Vakttider ca kl. 09-01 laurdag. Fredag er fulltteikna. 

Har du ei vakt, får du gratis tilgang den andre dagen. 

For deg mellom 14 og 18 år, i tillegg til mat/kiosk:

  • Sal av merch/rockestæsj
  • Outlet 

For deg over 18 år, i tillegg til bar, miljøvakt og mat/kiosk: 

  • Artistsjåfør
  • Truck- eller maskinførar

Vi er heilt avhengige av at alle frivillige møter opp. Dersom du på festivalen har henta armband for tilgangen du har rett på, men ikkje møter opp på vakta di, får du tilsendt faktura på billettprisen.